Når nokon døyr

Nokre gonger i livet kan me oppleva det vonde å mista ein eller ei av våre aller næraste. Då er det ikkje alltid enkelt å vita kva me skal gjera av praktiske gjeremål.

 
Eidfjord kyrkje har utarbeidd ein faldar til deg som treng rettleiing ved dødsfall i familien. Faldaren får du på kyrkjekontoret, legekontoret og på Bygdaheimen. Du kan også lese faldaren ved å klikke på bildet under.  
 
 
Kyrkja si deltaking ved gravferd er ein viktig del av kyrkja si oppgåve.

 

Les meir om
Praktisk rettleiing

Kven skal ein kontakta?

Lege. Det er han som skal stadfesta dødsfallet. Innan to døger sender legen melding til lensmannen.

Presten må kontaktast for avtale om dag og tid for gravferda. Det må også gjerast avtale om ein samtale med presten der ein førebur gravferda. Presten varslar kyrkjetenar, kyrkjeverje og organist. Eidfjord deler organist med Odda, og han har sine faste arbeidsdagar hjå oss tysdag og torsdag. Desse dagane vert derfor dei normale gravferdsdagane i Eidfjord. Dersom familien ønsker gravferd ein annan dag, må dei sjølve
koste utgifter til vikar. Satsen for dette er kr. 2.500,- 

Lensmannen fører protokoll over dei som døyr. Han treng opplysningar om slekt og arvetilhøve og om verdien av buet. Gravfersbyrå kan kontaktast for hjelp med ulike sider av gravferda.

Trygdekontoret får melding om dødsfallet frå lensmannen og sender ut brosjyre og skjema om gravferdsstønad. For personar under 18 år vert utgifter dekka med inntil kr 22.723 ,- For vaksne er stønaden behovsprøvd. Båretransport over lengre avstandar kan gje rett til stønad. Trygdekontoret hjelper dei som har spørsmål om dette. 

Kva må ordnast med?

Stell av den døde
Som pårørande veljer de korleis de ynskjer å gjera dette. De kan få hjelp til å gjera det de ynskjer sjølve,
eller de kan gje heile ansvaret til andre.

Transport til bårerom
Når båra med den døde må transporterast ei strekning på over 20 kilometer, blir naudsynte utgifter til transport til kyrkjegard dekka. (Eigenandel kr 2.272,-) 

Syning og båreandakt
Når det er ynskje om syning, går den føre seg i bårerommet eller i kyrkja. Presten kan ta del, men dei pårørande kan også låne nøkkel og ha syning på eiga hand. Båreandakt kan ein ha i kyrkja (t.d. i tilknytning til syning), på institusjon eller i heimen.

Dødsannonse
Pårørande skriv annonse og sender til aktuelle aviser.

Trykking av salmar
Salmehefte kan de få trykt hjå gravferdsbyrå eller trykkeri. Salmebok kan nyttast. Det er fint om nokon i familien, til dømes nokre av borna, deler ut salmehefter ved inngangen før gravferda.

Organisten kan kontaktast dersom ein har særskilde ynskje om musikk som skal framførast i gravferda eller før gravferda tek til.

Pynting av kyrkja, båreljos og berarar
Pårørande kan pynta i kyrkja sjølve, eller få hjelp av blomeforretning eller gravferdsbyrå. Kyrkjetenaren kan også hjelpa til.Pyntinga startar til vanleg ca. 2 timar før gravferda tek til. Kyrkja har ljos og vasar. Dei pårørande veljer ein som tenner båreljosa og nokre som kan dela ut blomar og kransar før me går ut av kyrkja. Det må også veljast 6 personar til å bera kista.

Minnesamvær
Etter ei gravferd kan det gjera godt å samlast. Minnesamværet kan vera berre for dei næraste, eller vera ope for alle. Kyrkjelydssalen kan nyttast.

Kyrkjetenar kan etter avtale setje opp ein kross med namnet til den døde, og rydda vekk visne blomar og kransar.

Gravferdsdagar

Faste gravferdsdagar i Eidfjord er tysdag og torsdag.

Eidfjord deler organist med Odda. Organisten sine faste arbeidsdagar i Eidfjord er tysdag og torsdag. Desse dagane vert difor di normale gravferdsdagene i Eidfjord. Dersom familien ønskjer gravferd ein annan dag, må dei sjølve koste utgifter til vikar. Satsen for dette er
kr 2 500,-