Praktisk rettleiing


Kven skal ein kontakta?

Lege. Det er han som skal stadfesta dødsfallet. Innan to døger sender legen melding til lensmannen.

Presten må kontaktast for avtale om dag og tid for gravferda. Det må også gjerast avtale om ein samtale med presten der ein førebur gravferda. Presten varslar kyrkjetenar, kyrkjeverje og organist. Eidfjord deler organist med Odda, og han har sine faste arbeidsdagar hjå oss tysdag og torsdag. Desse dagane vert derfor dei normale gravferdsdagane i Eidfjord. Dersom familien ønskjer gravferd ein annan dag, må dei sjølve
koste utgifter til vikar. Satsen for dette er kr. 2.500,- 

Lensmannen fører protokoll over dei som døyr. Han treng opplysningar om slekt og arvetilhøve og om verdien av buet. Gravfersbyrå kan kontaktast for hjelp med ulike sider av gravferda.

NAV får melding om dødsfallet frå lensmannen men de må sjølve ta kontakt med NAV for å få skjema om gravferdsstønad. For personar under 18 år vert utgifter eller deler av utgifta dekka av nav. Sjå nav.no For vaksne er stønaden behovsprøvd. Båretransport over lengre avstandar kan gje rett til stønad. Trygdekontoret hjelper dei som har spørsmål om dette. 

Kva må ordnast med?

Stell av den døde
Som pårørande vel de korleis de ynskjer å gjera dette. De kan få hjelp til å gjera det de ønskjer sjølve,
eller de kan gje heile ansvaret til andre.

Transport til bårerom
Når båra med den døde må transporterast ei strekning på over 20 kilometer, eller når næraste gravferdsbyrå ligg slik til at bårebilen må tilbakelegge ein avstand som overstig 20 km får å nå fram til dødsstaden blir naudsynte utgifter til transport til kyrkjegard dekka. Her må det bestalast ein eigenandel. Sjå nav.no

Syning og båreandakt
Når det er ønskje om syning, går den føre seg i bårerommet eller i kyrkja. Presten kan ta del, men dei pårørande kan også låne nøkkel og ha syning på eiga hand. Båreandakt kan ein ha i kyrkja (t.d. i tilknytning til syning), på institusjon eller i heimen.

Dødsannonse
Pårørande skriv annonse og sender til aktuelle aviser.

Trykking av salmar
Salmehefte kan de få trykt hjå gravferdsbyrå eller trykkeri. Salmebok kan nyttast. Det er fint om nokon i familien, til dømes nokre av borna, deler ut salmehefter ved inngangen før gravferda.

Organisten kan kontaktast dersom ein har særskilde ønskje om musikk som skal framførast i gravferda eller før gravferda tek til.

Pynting av kyrkja, båreljos og berarar
Pårørande kan pynta i kyrkja sjølve, eller få hjelp av blomeforretning eller gravferdsbyrå. Kyrkjetenaren kan også hjelpa til. Pyntinga startar til vanleg ca. 2 timar før gravferda tek til. Kyrkja har ljos og vasar. Dei pårørande vel ein som tenner båreljosa og nokre som kan dela ut blomar og kransar før me går ut av kyrkja. Det må også veljast 6 personar til å bera kista.

Minnesamvær
Etter ei gravferd kan det gjera godt å samlast. Minnesamværet kan vera berre for dei næraste, eller vera ope for alle. Kyrkjelydssalen kan nyttast.

Kyrkjetenar kan etter avtale setje opp ein kross med namnet til den døde, og rydda vekk visne blomar og kransar.

 

Tilbake