Sorg er ein naturleg reaksjon på noko vondt og vanskeleg.
Reaksjonar som til dømes sjokk, sinne, fornekting, skuldkjensle, lette, likesæle og tiltaksløyse, er alle normale. Ein kan isolera seg, verta deprimert, leita etter forklaringar eller ha
vanskar med å akseptera det som har skjedd.
Sorg tek tid og krefter.
Å forstå at ein har mista ein av sine nære er ein lang prosess. Etter kvart kan ein, litt etter litt, igjen klara å gle seg over livet. Ein gløymer ikkje, men sorga er ikkje lenger så tung.
Barn i sorg
Psykologane Magne Raundalen og Atle Dyregrov gjev desse råda:
- fortel barnet om dødsfallet med det same. Informer nøyaktig.
- fortel barnet at den døde aldri vil kome attende
- fortel om gravferda
- bruk ordet "død", ikkje "søvn" eller "reise"
- snakk med barnet, sjølv om det kan vera vanskeleg
- høyr på barnet sine tankar om det som hende
- lat barnet teikna og leika det han/ho opplever og føler
- om mogeleg, lat barnet sjå den døde
- lat barnet vera med i gravferda, gje god støtte
- ha minner framme, lag album, sjå på bilete og film
- ta barnet med på vitjing på kyrkjegarden
- unngå at barna vert skild frå foreldra, sjølv korte fråver kan
skapa angst
- prøv å ha eit så normalt familieliv som vanleg
- aksepter auka trong for nærleik og kontakt hos barnet
- motarbeid barnet sin angst for eigen og andre sin død
- motarbeid barnet si eventuelle skuldkjensle for dødsfallet
- lat barnet få uttrykkja både positive og negative kjensler overfor
den som er død
Me har nokre bøker til utlån på kyrkjekontoret, som omhandlar barn i sorg