Feste av gravplass


Feste av gravplass og Gravlegat

 

Alle graver skal ha ein festar, ein som er ansvarleg for grava. Når ei kistegrav vert teke i bruk er det høve til å festa grav (reservera) ved sida av. Spørsmål om dette kan rettast til kyrkjeverja.
Feste av grav kostar for tida kr. 75 pr. år, festebolken er 5 år. Etter 6 månader kan det setjast opp gravminne på grava. Sjå elles §3 i vedtekter for kyrkjegardane i Eidfjord.

Gravlegat
Dette er ei ordning for pårørande som ønsker at grava skal bli stellt, men som ikkje har høve til å syte for det sjølve:
Festar betaler inn ein avtalt sum til eit gravlegat. Den innbetalte summen, med tillegg av renter, skal dekke utgifter til planting og stell av gravstaden. Kyrkjekontoret syter for at gravstellet vert utført og gjer eit årleg trekk fra gravlegatet etter gjeldande satser for stell.
Ta kontakt med kyrkjeverja om dette er aktuelt.
 Sjå elles §8 i vedtektene for kyrkjegardane i Eidfjord.

Tilbake