leiarkurs
Leiarkurset er for deg som går i 10. klasse. Kurset som har oppstart om hausten, består av både teori og praksis. Kurset er totalt på 30 timar, og er tredelt med fire kurskveldar, ein helgetur og praksis. Praksis får du  som leiar i nokre av våre faste aktivitetar i kyrkja og som medleiar på leir.
 
Ved gjennomført kurs vil ein få utdelt kursbevis. Eidfjord kyrkje dekker kostnadane ved kurset.

Me ynskjer alle i 10. klasse velkomne til kurs!

 

"Et hestehode foran" Med leiarkurs har du kanskje det lille ekstra som skal til for å gå framfor andre når du skal søkje jobb og sommarjobb