Dåp i Eidfjord

Når kyrkja i Eidfjord får melding frå folkeregisteret om ein nyfødd, vert det sendt ei orientering om dåpen til foreldra.
Når foreldra har bestemt at barnet skal døypast, kontaktar dei kyrkjekontoret for å avtale dato for dåpen. Du finn ein peikepinn på aktuelle datoar for dåp i Eidfjord kyrkje i gudstenestelista på framsida. Presten vil så invitere til ein samtale før dåpsdagen. 
 
Vil du lese meir om dåpen har Kirken.no mykje nyttig informasjon på sine nettsider
Les meir om
Dåpsveggen

Me set stor pris på om du vil sende eit bilete av dåpsbornet oss etter dåpen.

I dåpssakrestiet ønskjer me å ha bilete av alle dåpsborna i Eidfjord. Etter som åra går håper me at me får veggene fulle av dåpsbilete. Her kan dåpsbornet (og andre) seinere få eit gjensyn med seg sjølv, søsken, eigne born, eller andre kjente som nydøypt.

Dåpsgåve

Dåpsgåva frå Eidfjord kyrkje er  dåpsduk, ljos og stakje.