Tårnagent

Annakvart år inviterer me dei som går i 3 og 4 klasse (8-9 åringar) til Tårnagenthelg i kyrkja. Dette pleier å vere ei helg i januar.
Tårnagentar skal utforske kyrkjene og får ulike oppdrag og mysterium som må løysast.
Alle agentar bur heime, men vil være saman både laurdag og sundag.  Sundag er familie og venner inviterte til å feira Tårnagentgudsteneste i lag med oss med påfølgande kyrkjekaffi med  kaker og saft.  Då vil alle få vite kva tårnagentane har funne ut i løpet av laurdagen.

Oppmøte laurdag kl. 11.00-15.00
Oppmøte sundag kl. 10.15 for agentar.
Gudstenesta startar kl. 11.00 og me er ferdige etter kyrkjekaffien ca. kl. 13.00
 

Englevakt
Ein englevakt er ein som er med nokre timar denne helga, følgjer borna opp på loftet, hjelper med maten, går saman med dei på aktivitetane m.m. Om du vil vere Englevakt ta kontakt.