Lys vaken

Annakvart år inviterer me dei som går i 5 og 6 kl. 10-11 åringar til Lys Vaken helg i Eidfjord kyrkje. Dette pleier å vere første helga i advent enten fredag kveld til laurdag eller laurdag kveld til sundag. Borna vert inviterte til å overnatte ei natt i si eiga  kyrkje og om kvelden har me mange kjekke aktivitetar.
Alle har med sin eigen sovepose eller dyne og liggeunderlag.
Morgonen etter inviterer me familien til frukost i kyrkjelydssalen. Då viser me ljosbilete frå det me har opplevd saman om kvelden.

Englevakt
Ein englevakt er ein som er med nokre timar denne kvelden/natta. Kan vere saman med oss på aktivitetane, hjelpe til med maten eller vere med som nattevakt eit par timer om natta. Me treng og litt hjelp til frukosten.

Om du vil vere Englevakt ta kontakt.