Eidfjord kyrkje > Born og unge > Minikyrkje
Minikyrkje

         

I haust 2020 skal samlinga handla om ein mann som heiter Noa. Han fekk oppdrag av Gud å bygge eit kjempestort skip. På skipet skulle han ta med seg alle slags dyr. Og då har me tenkt at det passer supert at du kler deg ut som eit dyr når du kjem til Minikyrkje. Rolf Trustein skal òg kle seg ut. Kva tenkjer du, kva dyr passer til han?

Alle barn som går i barnehage (2-6 år) er invitert til Minikyrkje. Det er kanskje litt skummelt å vere åleine i kyrkja. Derfor er heile familien invitert òg. Har mamma eller pappa ikkje høve å vere med, ta med Besten, Besta eller fadderen din.
Me byrjar alltid med ein litt open del kl. 16.15. Der er me kreative og leiker litt på forskjellige stasjonar i kyrkja. Sidan denne delen er litt open er det ikkje så nøye om de møter presis. Men seinast kl. 16.45 bør de vere på plass, då skal me nemleg syngje i lag og høyre ei forteljing frå Jesus og Gud eller andre folk som elskar Gud. Av og til er forteljingane spennande, triste eller morosame. Til slutt skal me alltid ete middag i lag. Me er ferdige ca. kl. 17.30.

Informasjon til føresette:

I haust blir Minikyrkje litt annleis enn før. Me tek smittevern på alvor. I barnehagen er de delt inn i grupper. Det skal me gjere i Minikyrkje også. Kvar gang er ei annan gruppe invitert. Derfor får kvart barn dessverre berre komme ein gong til Minikyrkje i løpet av hausten.

Kvart barn bør ha med seg ein vaksen (Hjå eldre barn går det fint at ein vaksen har med seg fleire barn). Det er dessverre ikkje tillat med søsken som går i ei annan gruppe i barnehagen eller med eldre søsken som går på skulen. Me håper å kunne tilby vanleg Minikyrkje til våren att. For barnet gjeld ikkje 1-m-avstandsregel, men for dei vaksne. Ikkje møt opp dersom barnet ditt eller du er sjuk.

I haust trengs det påmelding. Påmelding til samlingane innan dagen før samlinga kl. 14. Påmelding er via SMS til 40 21 66 11. Skriv namnet til barnet og kva barnehagegruppe barnet ditt går til. Du skal få påminning ei veke og dagen før samlinga som barnet ditt er påmeldt til. Følg gjerne med på Facebook eller på vår heimesida www.eidfjordkyrkje.no for meir informasjon eller om ting endrar seg.

Dato: Kl. 16.15 – 17.30

10. September Tyttebær   AVLYST på grunn av for få påmeldte. Ta gjerne kontakt om du ynskjer eit tilbyd for "Tyttebær"-barn seinare i haust.

01. Oktober Molte

22. Oktober Blåbær

05. November Eple

 tid for leik

 tid til å vere kreativ

 tid til å lytte og syngje

 tid til mat smiley

 

Minikyrkjesamlingar

izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort