Bli med på Lys Vaken


Lys vaken er for deg som går i 6. og 7. klasse. Lys vaken er ein god tradisjon i kyrkjer over heile landet og handlar ikkje først og fremst om at me skal være vakne hele natta, men at me skal vere vakne for det som skjer i oss og rundt oss.

Me skal vere vakne overfor Gud, kvarandre og oss sjølve.  Ikkje minst kan me oppleve at Gud er Lys vaken for oss.
"Kva er vitsen med å tru?" blir tema for årets Lys vaken i Eidfjord. Temaet vil vere sentralt i aktivitetar, oppgåver, leik, song, samtalar og sjølvsagt i gudstenesta søndag.

Påmelding på mail til ingeborg@eidfjordkyrkje.no innan måndag 19. januar.

 Me starter kl 16.00 laurdag 24. januar og avslutter med familiegudsteneste dagen etter kl. 11.00. Her håper me at foreldre, besteforeldre, fadrar og søsken også vil vere med.

 

Tilbake