Går du i 6.-8. klasse og har lyst på ein kjekk ettermiddag fullt med mykje moro og ei natt i lavvo?
Då burde du vere med oss i Eidfjord kyrkje. Me skal ha ei samling og ein leir. Ein ting er sikkert, det blir veldig kjekt. Meld deg på HER. Påmeldinga må skje innan måndag 19.05.25. Eigenandel for leiren er kr. 200,-.
1. Samling
Når? Tysdag 20.05. kl. 17:30 – 19:00
Kor? Simadalen, oppmøte: 1. Gapahuk i Simadalen
Kva? Endeleg er det tid for BEKKEVANDRING att. Har du høyrt om det? Me skal springe gjennom bekken og løyse forskjellige oppgåver. Kven blir årets bekkevandrar? Temaet for dagen er sjølvsagt vatn.
2. Samling - leir
Når? Laurdag 24.05. kl. 13:00 til søndag 25.05. kl. 13:00
Kor? Finnasteinflåten Camping i Øvre Eidfjord
Kva? Her skal me kose oss. Me skal på tur, leika, bada, ete og sova i lavvo. Me satsar på fint vêr.
Eigenandel leiren: kr. 200,- Vipps til Eidfjord kyrkje (#127865) Merk med Jordvenn og namnet til barnet.
Tema for i år er dei fire elementa: vatn, eld, luft og jord.
Ved spørsmål ta kontakt med Manuela (40 21 66 11). Kjekt dersom du blir med på alle samlingane, men i år er det òg mogleg å melde seg kun på deler av opplegget.
Me gler oss til å møte deg.
Helsing Jordvenn-teamet (Manuela, Ingeborg, Christian, Irene og Signe)