Første samlinga er avlyst, men det er framleis mogleg å melde seg på 2. samlinga og leiren
Jordvenn
– tid for action, tid for natur, tid for å finne roen og tid for samvær
og mykje meir
Går du i 6.-8. klasse og har lyst på to kjekke ettermiddagar og ei natt i lavvo? Då burde du vere med oss i Eidfjord kyrkje. Me skal ha to samlingar og ein leir. Ein ting er sikkert, det blir veldig kjekt. Meld deg på HER . Påmeldinga må skje innan måndag 22.04.
Tema for i år er vikingkongen Olav den Heilage og kvifor han er så viktig for kyrkjene i Eidfjord og resten av Noreg.
Ved spørsmål ta kontakt med Manuela (40 21 66 11). Kjekt dersom du blir med på alle samlingane, men i år er det òg mogleg å melde seg kun på deler av opplegget.
Me gler oss til å møte deg.
Helsing Jordvenn-teamet (Manuela, Ingeborg, Christian, Irene og Johannes)
1. Samling
Når? Tysdag 23.04. kl. 17:30 – 19:00
Kor? Øvre Eidfjord, oppmøte: Natursenter
Kva? Me skal på vandring frå Natursenteret til Lund. På vandringa skal me møta kong Olav for første gang. Ved Lund har me kveldsmat.
2. Samling
Når? Tysdag 21.05. kl. 17:30 – 19:00
Kor? Eidfjord kyrkje
Kva? Me høyrar om kong Olav og kyrkjene og så slå med oss laus med kunst. Me blir kreative. Alle kunstnar kan i dag utfolde seg.
3. Samling - leir
Når? Laurdag 01.06. kl. 17:00 til
søndag 02.06. kl. 13:00
Kor? Simadalen
Kva? Her skal me kose oss. Me skal på tur, leika, ete og sova i lavvo. I kong Olav sin ånd blir det nokre vikingaktivitetar.