Eidfjord kyrkje > Vis_artikkel

Kva skjer? - våren 2024


Lurar du kva som skjer i Eidfjord kyrkja fram til sommaren? Da burde du lese vidare her. Ingeborg og Manuela har mange planar og idear.

Barn og unge

  • Småbarnskafé: kvar onsdag kl. 11:00 - 13:30
    Alle med småbarn heime som har tid og lyst er velkommen til småbarnskafé. Det er veldig sosialt. Me et, prata, le i lag og av og til blir det sangstu
  • Familiesong: ein gang i månaden, torsdag kl. 17:00 – 18:00 (15.02. / 21.03. / 18.04. / 23.05.)
    Familiesong er til heile familien. Me møtast i spiserommet i kontordelen til felles song tilpassa til dei minste. Det er tid for både leik for barna og kaffiprat for dei vaksne. Ingeborg har ansvar for songstunda.
  • Minikyrkje: første torsdag i månaden kl. 16:00 - 17:30 (01.02. / 07.03. / 04.04. / 06.06.)
    Alle familar med barn i barnehagealder eller førsteklassingane er velkomne. Det er middag, leik, song og forteljarstund. Ein koseleg ettermiddag for små og store.
  • Påskevandring: Før påske blir barnehagen invitert til kyrkja. Her skal me på påskevandring og fortelja om påskeevangeliet.
  • Påskemysteriet: 3.-4. klasse - tysdag 12.03. kl. 14:10-16:00 / 1.-2. klasse – tysdag 19.03. kl. 14:35 – 16:00
    Småtrinnet-elevar blir invitert til påskemysteriet. Me skal finne ut kvifor me feira påske og kva som skjedde for 2000 år sidan med Jesus. Det blir nok tid for leik og moro og litt kreativitet.
  • Minikonfirmantar: onsdag 24.01. kl. 17:00-19:00 (Ullensvang kyrkje), onsdag 14.02. kl. 17:00-19:00 (Kinsarvik kyrkje) og leir i Eidfjord kyrkje laurdag 16.03. – søndag 17.03.
    Minikonfirmantar er alle som går i 5. klasse. I år samarbeidet me med Ullensvang og Kinsarvik sokn. Difor er det samlingar på forskjellige plassar.
  • LysVaken: laurdag 16.03. – søndag 17.03.
    5. og 6. klassingane blir invitert til å overnatte i kyrkja. I år blir Lys Vaken og minikonfirmantleir slått saman til eit arrangement.
  • Jordvenn: tysdag 23.04. kl. 17:30-19:00 / tysdag 21.05. kl. 17:30-19:00 og leir laurdag 01.06. – søndag 02.06.
    Jordvenn er for alle ungdommar i 6.-8. klasse. Me skal vere mykje ute i naturen, sove i lavvo og vere kreative. Årets tema er Kong Olav og kristendommen. Det er nemleg 1000 år sidan kristendommen kom til Noreg gjennom Kong Olav. Det kan godt henta at det blir litt vikingstemning på aktivitetane. Meir informasjon kjem seinare.
  • Konfirmantar: annan kvar tysdag kl. 14:10-15:30. Leiren er i lag med Ullensvang sokn og Kinsarvik sokn 08.-10.03.24

Diakoni

  • Kyrkjekaffi: Etter kvar gudsteneste er du hjarteleg velkommen til å bli igjen for ein kopp kaffi/te og ein god prat med oss.
  • Ferie utan koffert: Første tysdagen i månaden (Februar-Mai) kl. 10:00-14:00
    Alle som har lyst til å vere med. Det er forskjellig program, god tid til å prate med kvarandre og felles middag.
  • Nytt prosjekt: Er du interessert i kjøkkenhagen? Då burde du følgje med. Det kjem nemleg snart eit nytt prosjekt med Ingeborg. Meir informasjon kjem.

Du er alltid velkommen til å komme innom kyrkjekontoret. Ein av oss har alltid tid til ein kopp kaffi/te og ein prat 😊

Syns du nokre prosjekt høyers spennande ut og du har lyst å vere frivillig? Ta kontakt med Manuela eller kyrkjekontoret.

 

Tilbake