«Julegjesten» er skriven av Ragnar Bull frå Askvoll og illustrert av Eugenia Shot-Cheten, Askvoll. Flyktning frå Ukraina.
Ragnar Bull har undervist ukrainske flyktningar i eitt år, og ein av dei, Eugenia, er utdanna grafisk designar. Ho har laga teikninga til "Julegjesten", nett slik Ragnar hadde sagt til henne at stova og situasjon var.
MANGE KJENNER Leo Tolstoi si novelle om skomakaren Adjevitsj eller Nikolai Leskov si forteljing om bonden Timofey. Begge hovudpersonane håpte å få Frelsaren på besøk i jula. Særleg har den siste novella ei djup meining. Novellene har ein bodskap om at det vi gjer mot ein av hans minste, det har vi gjort mot Frelsaren sjølv. Og hovudpersonen i julebodskapen vil gjerne besøkje oss alle i denne høgtida og ta inn i våre hjarterom.
DET ELDRE ekteparet var av dei næraste omgangsvenene til foreldra mine. Han var ein jovial og litt ordknapp skreddar i 60-årsalderen. Eg kan minnast han sitjande på det store stovebordet med føtene i kross og med tjukt dresstøy framfor seg. Kona hans var meir utettervend og kontaktsøkjande. Ofte var dei til stades på fars gudstenester. Seinare fekk dei sjølv ein son som vart prest. Begge var nøkterne menneske utan teikn til å vere overspente. Då dette hende, var eg kring 15 år gammal.
EIN DAG kom kona på besøk til prestegarden og ville snakke med oss. Ho og mannen hadde opplevd noko merkeleg, og no visst ho ikkje retteleg kva ho skulle tru. Kvar kveld las dei andakt saman der ved stovebordet. Dei bytte på å lese. Denne kvelden sat kona på kortsida av bordet, medan han sat på langsida. Rundt bordet stod det fire stolar. Ho fortalde at dei hadde snakka litt saman kven det var sin tur til å lese. Det vart til at han las. Han var ingen rask lesar, og andakta tok si tid, men kona likte å høyre stemma til ektemannen når han las.
MEDAN dei fordjupa seg i andakta, fekk kona sjå at ein tredje person kom til syne på stolen rett imot ho. Han sat der under heile andakta, men då mannen hennar avslutta med ”amen”, kvarv denne tredje personen for auga hennar. ”Såg du han?” spurde ho, men mannen hennar hadde konsentrert seg heilt om lesinga og hadde ikkje sett noko. Og mor og far? - ja, dei synte stor forståing for denne hendinga.
---
”AKK, KOM, jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn og full av lengsel sukke: Kom, Jesus dog herinn!” Får vi auge på han?
God jul!