Du kan stemme digitalt. Det gjer du ved å logge deg inn i valgportalen på www.kirkevalget.no , eller du kan kome innom i kyrkja tysdag og torsdag klokka 09.00 og 13.30 frå 22.08 til 06.09.
Torsdag 31.08 kan du førehandsrøyste på kyrkjekontoret frå kl 15.00 til 20.00
På valdagen held me til i møterommet ved sida av ordførarkontoret i første etasje i kommunehuset.
Du kan gi inntil tre av kandidatane ei ekstra stemme ved å setje eit kryss framfor namnet, eller du kan føre på inntil tre namn på lista.
Her er kandidatane du kan stemme inn i Eidfjord sokneråd:
- Kari Tveit Hovland
- Hans Hellevang
- Hilde Anette Oksavik Bu
- Ole- Johnny Odland
- Kjellaug Enge
- Ida Viveli
- Ann Kristin Steinhovden Wathne
- Arne G Bu
- Elsa Garatun
- Tone Anita Lund Garen
- Marit Tveit Aurdal
- Gunn Karin Aurdal Kjerland
- Kjersti Næsheim
Soknerådet har ansvar for det kyrkjelege arbeidet, og det er dei som legg føringar for kva som skal prioriterast.
Eidfjord har berre eit sokn. Det betyr at soknerådet også er fellesråd. Fellesrådet har ansvar for bygningar, anlegg, økonomi og personal.
I tillegg til soknerådsmedlemane sit det ein representant frå kommunen i Fellesrådet.
Kyrkja er ein viktig institusjon i bygda, anten du bruker ho ofte eller sjeldan. Kyrkja er møtestad både for born og vaksne, og både i glede og sorg.
Gi di stemme til dei du meiner kan gjere ein god jobb for kyrkja vår.