Syns du kyrkja i Eidfjord har ein viktig funksjon i kommunen?


I så fall må du lese dette:

Det skal nemleg veljast nytt sokneråd til hausten. Soknerådet i Eidfjord er sett saman av 6 representantar i tillegg til ein representant fra kommunen. Soknepresten er geistleg representant.

Soknerådet har tilsette som utfører det praktiske arbeidet på dei ulike områda. Kyrkjestaben har nødvendig kunnskap, er engasjert og ønskjer å gjere eit godt arbeid. Den daglege drifta er dermed godt ivareteke, men det er soknerådet som skal styre retninga på det heile. Soknerådet har det overordna ansvaret for å fastsetje mål og innsatsområder og for å prioritere ressursar. Det er difor viktig å ha eit råd samansett av folk med ulik kompetanse.

Kan du tenke deg å stå på lista eller har du gode kanditatar du ønskjer skal stå på lista er me glade for innspel. Gje då ei ei melding til Kari Tveit Hovland som er leiar i nominasjonskomiteen tlf 913 86 874.

ANSVARSOMRÅDE SOKNERÅD

Soknerådet har ansvar for det kyrkjelege arbeidet. Barne- og ungdomsarbeid har vore eit hovudsatsingsområde gjennom mange år og dette har gjeve gode resultat.   

Barn og unge

Dei som sit i soknerådet har stor innverknad på barne- og ungdomsarbeidet. Me meiner kyrkja  er ein viktig del av borna sin oppvekst. Me ønskjer at borna skal få med seg fine opplevelsar og gode verdiar i trygge rammer. Barne- og ungdomsarbeid er  høgt prioritert og blir fortløpande vidareutvikla. Me ønskjer personar som brenn for dette arbeidet inn i soknerådet.

Eldre

Kyrkja har andakter og songstunder på bygdaheimen. "Ferie utan koffert" er også tiltak som er retta mot eldre. Me ønskjer personar som har engasjement for dette inn i soknerådet.  

Anna kyrkjeleg arbeid

Det er soknerådet som legg føringar for kva som skal prioriterast i det kyrkjelege arbeidet! Me har gode hjelparar utforbi soknerådet som baker kaker og som hjelper til med aktivitetar, men treng folk i soknerådet som ønskjer å vera med å prega det kyrkjelege arbeidet. Er det informert nok om tilbodet til småbornsforeldre? Skal me gjere noko ekstra til kyrkjekaffien nokre gonger? Skal me kanskje ha eit kor på minnegudstenesta? Solist på jolaftan?

Skal det være juletrefest? Er det andre områder som bør prioriterast framfor det me driv i dag?

Det er mykje arbeid knytt til kyrkja og mykje anna ein også kan kome med positive bidrag til. Det er konfirmant- og minikonfirmantarbeidet, Songglede, småbarnstreff, minikyrkje, «Ferie utan koffert», Naturkul, gudstenester og kyrkjelege handlingar, diakonale tiltak av ulikt slag og ymse arrangement og hendingar gjennom året. Kort sagt: Me treng deg som har lyst til å vera med på å prega korleis dette arbeidet vert i dei neste åra.

ANSVARSOMRÅDE FELLESRÅD

I Eidfjord er det berre eit sokn, det betyr at soknerådet også er fellesråd.  I tillegg til soknerådsmedlemane sit det ein representant fra kommunen i fellesrådet. Fellesrådet tar seg av bygningar, anlegg, økonomi og personal.

Bygg og anlegg

Kyrkja er kanskje ein viktigare møteplass enn ein først tenker over. Visste du at det er aktivitetar i kyrkja fleire dagar veka? I kvardagen jamnt og trutt, men også i høgtider og på viktige merkedagar i livet samlast me ofte i kyrkja. Det er viktig at kyrkjebygga og kyrkjegardar er velholdte og tilrettelagt for denne bruken. Drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar er fellesrådet sitt ansvar. Det er difor viktig at soknerådet har medlemar med kompetanse på bygg og anlegg.

Økonomi

Ryddig økonomi er viktig, dette er også eit av fellesrådet sine ansvarsområder. Budsjett skal vedtakast og følgjast opp og rekneskap skal godkjennast. Er økonomi eit område du kan bidra på treng me også deg i rådet.

Personal

Fellesrådet har arbeidsgjevaransvar for dei tilsette i kyrkja. Dette er kjekke folk som klarar seg godt, men som arbeidsgjevar treng me treng likevel medlemar med erfaring fra personalarbeid i soknerådet.

Og når datoen kjem. Husk å stem på soknerådsvalet. Dette påvirker korleis kyrkja skal framstå  framover.  Denne oppfordringa går også til ungdomen. Vil du at andre skal få same opplevingar i kyrkja som du sjølv har hatt? Du kan stemme fra du har fyllt 15 år!

 

Tilbake