Naturkul 2022


Me gler oss til å endeleg kunne invitere til naturkultur att. Dette her blir kjempestas. Det blir to spennande ettermiddagar pluss ei heil helg på leir ute i naturen. Me har planlagt mykje gøy. Alle som går i 6.-8. klasse kan melde seg på. Det er IKKJE lenger mogleg å melde seg på bekkevandring. Men ein kan framleis melde seg på til aktivitetsettermiddag på Ostangen og til leiren på Bu.

Klikk her for påmelding.

 

1. samling: onsdag 18.05.22 kl. 17.30 – 20.30

Våt blir du denne dagen om det no regner eller ei. Fordi me skal ut i bekken. Simadalen er møteplassen. Uansett vêr skal me på bekkevandring. Meir informasjon får du når det nærmar seg. Men gøy blir det, kan eg lovar deg.

 

2. samling: onsdag 08.06.22 kl. 17.30 – 20.30

Denne gangen skal me ikkje i vatn, men på vatn. Møtestad blir Ostangen. Der skal me øve oss i seakayak, beachvolleyball og korleis ein sette opp eit lavvo. Meir informasjon får du når det nærmar seg. Michael frå Best Adventures skal vere med som kajakkinstruktør. Dei som var med i Øvre Eidfjord i fjor, har helst på han.

 

Leir fredag 10.06.22 til søndag 12.06.22

Ein treng ikkje reise langt for å oppleve eventyr og å ha det gøy på tur. Leiren skal vere på Bu ved grendahuset (gamle skulen). Me har planlagt mykje kjekt og spennande. Me skal ikkje røpe så mykje av programmet enda. Du må i alle fall vere innstilt på at me ikkje skal sitje i ro. Overnatting skjer i lavvo, håper du har godt liggeunderlag og sovepose klar.

Me håper du har lyst å vere med. Me frå kyrkjekontoret gler oss i alle fall veldig. Påmelding innan 13.05.22. Klikk her for påmelding.

Helsing Manuela, Johannes, Ingeborg, Christian og Irene

Pris: Turen vil koste kr. 300,- i eigenbetaling. Ta kontakt om søskenrabatt. Dette inkluderer: Mat, overnatting og spennande aktivitetar.

Spørsmål om turen kan rettast til Kyrkjekontoret tlf: 53665251 eller Manuela Bjotveit på e-post: manuela@eidfjordkyrkje.no eller mobil: 40 21 66 11

Tilbake