Gudstenester i påsken


I påsken inviterer me til to gudstenester.

Skjærtorsdag kl. 18 i Eidfjord kykje

Påskesøndag kl. 11 på Liseth pensjonat

Skjærtorsdag er det høgtidsgudsteneste kl. 1800 ved Johannes i Eidfjord kykrje. Det er nattverd. Kom til ein stemmningsfull gudsteneste til å starte påsken i lag med oss.

  

For tredje år på rad skal me i Eidfjord kyrkje prøve oss med påskegudsteneste på fjellet. Me har bestilt fint vêr, så denne gongen skal verken ver eller pandemi stoppa oss.

Liseth er plassen for påskesøndag. Møt opp med godt humør og kanskje ei grillpølse på lur i sekken. Ta òg med noko å sitja på. Gudstenesta skal vere ute om vêret tillet det, elles skal med vere inne på Liseth Pensjonat. Etter gudstenesta inviterer me til kyrkjekaffi. Kyrkja sponsar kaffi, kakao og noko søtt. Me har med marshmellows for anledningen, ta med eigen pinne om du vil grille desse. Det er også plass til pølser på bålpanna om du skulle bli ekstra svolten. Det blir akekonkurranse, så ta gjerne med heile familien. Her kan du skaffe deg både heder og ære - og mykje moro. Gudstenesta startar til vanleg tid kl. 1100.

Tilbake