Eidfjord kyrkje > Vis_artikkel

Ljosmesse


Vær med på Ljosmesse søndag 28.11.2021 kl. 16
Offisiel opning av stallen med gløgg og pepperkake under klokketårnet etter gudsteneste.

Spenninga stig til nye høgder.

Eselet har sendt ut pressemelding frå stallen der spenninga er til å ta og føle på:

Dette året har Josef og Maria meldt sin ankomst. Dei kjem søndag 28. november, og det er alt full rulle i stallen for å få alt i orden innan den tid. Vertshuseigaren, også kalt Christian, har styrt på med snekring, vasking og rydding i fleire dagar. Oksen, sauen og eg (eselet) har fått det reint og fint, og nå ser me fram til det fine besøket. Johannes har til og med vore innom. Det er ikkje ofte me har geistlege på besøk i stallen, men Johannes syns det må vere rom for litt musikk hos oss også. Han er jo musikar på si`, den presten! I mellomtida, mens me ventar, morer me som bur i stallen oss med eit ørlite veddemål. Er Maria gravid i år igjen? Oksen og eg gjetter ja, men søya seier nei. «Det får vere måte på!», seier ho. Og ho veit nok kva ho snakker om, så mange ungar som ho har…

Kva trur du? Me får svaret 1. søndag i advent. Etter ljosmessa, som starter kl 16.00 søndag 28. november skal stjerna tennast over stallen vår. Då håper eg du har lyst til å vere med. Dersom du ikkje har anledning den dagen; kom oppom i adventstida og hels på oss. Det set me pris på. Me bur tross alt i ei av verdas største julekrybber.

Tilbake