Når nokon døyr


Nokre gongar i livet kan me oppleva det vonde å mista ein eller ei
av våre aller næraste.

 

Då er det ikkje alltid like enkelt å vita kva me skal gjera av praktiske gjeremål.

Kva skal gjerast? Kven skal me ta kontakt med?
Kor kan me få hjelpa me treng?

Dette er meint å vera ei hjelp til deg som treng rettleiing ved dødsfall i familien. Her finn du mellom anna ei liste over nyttige telefonnummer, ei praktisk rettleiing for kva de må gjera, salmeforslag til gravferda og nokre ord om det å vera i sorg.

Kyrkja si deltaking ved gravferd er ei viktig del av kyrkja si oppgåve. Også ved dette høvet ber kyrkja fram sitt vitnemål om Jesus Kristus som Herre over liv og død.


Eidfjord, mars 2016

Med venleg helsing


Soknerådsleiar Dagleg leiar/Kyrkjeverje Sokneprest

Tilbake