Eidfjord gamle kyrkje


Eidfjord gamle kyrkje er ei steinkyrkje, reist kring 1309. Kyrkja er vigsla til apostelen Jakob. Truleg er dette den einaste Jakobskyrkja i Noreg i dag.

 

Segna seier at det er den rådrike og mektige Rike-Ragna som har reist kyrkja. Ho skulle ha bygd kyrkja for å sona syndene sine, m.a. hadde ho på ei byferd sett mannen sin igjen på eit skjer, og då sjøen flødde opp, strauk han med.

Gravsteinen over Rike-Ragna står no ved veggen i koret. Han har eit bilete av apostelen Jakob med fotsid kjole, pilegrimstav i høgre handa og bibelen i venstre. Framfor han kneler ei kvinne som med lyfta hender rekkjer han ein kyrkjemodell med tårn. På steinen står det m.a. skrive: "Her kviler Ragna Åsolvsdotter er dessa kirkju let gjera".

Kyrkja har steinmurar som somme stader er 1,67 m tjukke. Inventaret er enkelt, benkene er trekvite og ikkje særleg gode å sitja i. Kanskje dei frå først av berre var tenkte til støtte den gong folk stod i kyrkja. Ved inngangen til benkeradene ligg ein svær dørbjelke. Her knelte folk før dei gjekk inn i benken. Kvar gard hadde sine benker som er merkte med bumerke.

Som skilje mellom kor og skip står det ein korboge med åttekanta søyler på sidene. På veggane i koret har det vore måleri og innskrifter. Desse har vore kalka over, og seinare har ein freista å få fram igjen noko av dette, m.a. har ein avdekt eit epitafium som liknar ei altertavle i renessansestil. Korskiljet er frå ei tidlegare kyrkje.

Altertavla syner Jesus på krossen, med Maria og nokre av læresveinane rundt. Døypefonten er frå 1680, hoggen i kleberstein, og preikestolen som truleg er frå 1613, har innfelt målararbeid med ulike motiv. Her er det m.a. eit skriftsitat på latin: "Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det".

I klokketårnet som er bygd til seinare, er det ei stor og ei lita klokke. Den minste har innskrifta: " I Herrens år 1502. Eg heiter Maria".

Tilbake