Felles minikonfirmantdag på Lofthus


Ver med på felles aksjonsdag for alle 5. klassingane i heile Ullensvang og Eidfjord.

Når? 14. November 2022 kl. 1300 – 1700

Kvar? Ullensvang kyrkje, Lofthus

PÅMELDING HER

Det blir masse aktivitetar i og rundt kyrkja. Hugs jakke, hua og andre varme klede. Det som er sikkert er at det blir gøy å vere med.

Me gler oss til å sjå deg.

Therese, Johannes, Leni, Manuela, Marna, Anni og Ingeborg

 

 

Informasjon til foreldra:

Det blir ein kjekk dag for alle. Me skal vere ein del ute, så pass på at barnet er kledd etter vêret. På grunn av maten og kontroll over skyss, treng me påmelding til dagen. Påmeldingsskjema blir lagt ut på heimesida til kyrkjene. Ullensvang.kyrkjer.no og eidfjordkyrkje.no Påmelding innan måndag 07.11.22.

Det kostar kr. 50,- per barn. Vipps til 717069 «Barn og ungdom i kyrkja». Merk med namnet til barnet og minikonfirmantdag.

Dagen er lagt opp slik at born frå Eidfjord og Odda kan komme med rutebuss til Lofthus. Bussrute finn du på baksida.

Det blir felles kveldsavslutning kl. 1615 i Ullensvang kyrkje. Veldig kjekt dersom så mange foreldre som mogleg har høve å vere med. Ta gjerne med søsken eller besteforeldre.

Har du spørsmål kan dei rettast til: Therese (Odda, Tyssedal, Røldal, Skare), Manuela (Lofthus, Kinsarvik, Eidfjord) 40216611 eller Anni/Marna (Utne).

Tilbake