Er du glad i å syngje? Ver med på koret Songglede. Det blir to runder med prosjektkoret til våren 22 i mars og i april. Dette her blir kjempekjekt.
«Songglede»
prosjekt JOL
Kven? alle mellom 4 og 10 år som er glad i å syngje
Kor tid? 1. runde:
Øvingar: torsdagar kl. 17.00 – 18.00 (10. mars / 17. mars / 24. mars / 31. mars)
Konsert: søndag 03. april kl. 11.00 – 12.00 Me møtast kl. 10.45 i kyrkja. Etter gudstenesta er det felles kyrkjekaffi i kyrkjelydsalen.
2. runde:
Øvingar: tysdagar kl. 17.00 – 18.00 (19. april / 26. april / 03. mai )
Konsert: onsdag 04. mai kl. 18.00 – 19.00 Me møtast kl. 17.30 i kyrkja. Det er
samtalegudsteneste med konfirmantane.
Kor? Eidfjord kyrkje
Kva? «Songglede» er eit prosjektkor. Me syng i lag og har det kjekt.
Det kan kanskje vere litt skummelt å komme åleine til øvingane. Mamma eller pappa eller ein annan vaksen kan gjerne vere med. Kaffi/te står klar til dei vaksne i kyrkjelydsalen.
Det er ingen påmelding til koret, men me blir likevel glade for ein kort SMS til Manuela (40216611) om du skal vere med eller trykk på «SKAL» på Facebook-arrangementet. Spør mamma eller pappa om å hjelpe deg med det 
Me gler oss til å møte akkurat deg på korøvinga.