Når jorda på ei kistegrav har sunke nok, vil grava bli planert og sådd til. Det er høve til å setja opp eit gravminne på kvar gravstad.
Gravminne skal ikkje setjast opp før det har gått 6 mnd etter gravlegging. Det kan avtalast at kyrkjegardsarbeidar set opp eit kvitt kors med namnet på avlidne som kan stå på gravstaden framtil gravminne blir sett opp. Om festar ønskjer dette blir korset sett opp rett i etterkant av gravferda.
Gravminnet skal ikkje vere breiare enn 85 cm, høgare enn 150 cm, tjukkare enn 60 cm eller tyngre enn 300 kilo. Det skal sikrast med forskriftsmessig fundament og rustfrie stålboltar som bind saman fundament og gravminne. Leverandør av gravminne skal kjenna til desse reglane.
Gravminnet skal vere solid og tåle dei påkjenningar det blir utsett for ved vanleg drift og vedlikehald av kyrkjegarden. Pyntegjenstander er sårbare i høve til vanleg drift. Evt skade av desse påført ved vanleg drift av kyrkjegarden, vil ikkje bli erstatta.
Sikring
Kyrkjegardsbetjeninga går over alle gravminne ein gong i året for å sjekke at dei er forsvarleg bolta. Det vert sendt ut varsel til eigarar av dei gravminna som ikkje er tilstrekkeleg sikra.
Ansvar
Eigar/festar er ansvarleg for at gravminne ikkje er i forfall, til sjenanse eller til fare for dei som ferdast på kyrkjegarden.
Plantefelt og lause dekorgjenstandar
Framfor gravminne kan det opparbeidast eit plantefelt. Plantefeltet kan ikkje vere breiare enn gravminnet, og ikkje stikka lenger fram enn 80 cm målt frå bakkant av gravminnet. Gravutstyr som vasar, lykter, stein m.m. må ikkje plasserast utanfor plantefeltet.
Hugs også at små lause steinar brukt som bedkant lett kan havne i grasklippar og øydeleggje utstyret.
Avfall skal sorterast før det blir lagt på tilvist stad.