naturkul

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Trusopplæringsprosjektet i kyrkja er eit tre-årig rullerande tilbod. Det er ulike opplegg kvart av åra: Pilegrim, Natur og Kyrkjecamp

Går du i sjette, sjuande og åttande klasse er dette noko for deg. Opplegga rullerer slik at du får vere med på ei ny Naturkuloppleving kvart år, dette håper me du vil nytte deg av! 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På kyrkjecamp er det sjølvsagt utandørs nattkino.

les meir om prosjekta

Pilegrim

Bli med på pilegrimstur, ei oppleving for livet!    Les meir...

Natur

Villmarka kaller. Er du klar for kjekke opplevingar med overnattingstur i Vossa...   Les meir...

Kyrkjecamp

Ein treng ikkje reise langt for å ha det kjekt, her slår me opp camp i kyrkjeha...   Les meir...

Kyrkjecamp og ungdomsgudsteneste

      

Trusopplæringshelga dette året gjekk av stabelen helga 19 -21. mai med Kyrkjecamp for dei som går i 6-7-8 klasse. Juniorleiarane var med og arrangerte. Fredag samlast me og settte opp lavvoar og telt i kyrkjehagen, resten av ettermiddagen gjekk med til ulike aktivitetar og utandørs nattkino.  Laurdagen skjedde det mykje både ute og inne, mellom anna førebudde ungdomsgudstenesta som var sundagsettermiddagen. Laurdag kveld reiste me trøytte heim for ei god natt i vår eiga seng og møtte forholdsvis utkvilte til ny dyst sundag føremiddag. 

  

Kl 1800 var det ungdomsgudsteneste i kyrkja, denne var open for alle og verd å få med seg. Etter gudstenesta var det alternativ kyrkjekaffi med fest, og tapas som ungdommane hadde laga i løpet av helga. Det vart som me håpa:  godt oppmøte og ei fin stund i kyrkja denne kvelden. Takk til alle som kom!

Neste år er trusopplæringsprosjektet Pilegrim.