Narnia


UTSATT til Mai 2021 Bli med på NARNIA-EVENTYR i Eidfjord kyrkje fredag 13. november 2020 kl. 10.00 – 14.30.

 

Kjære 6. og 7. klassingane i Eidfjord!

Er du klar for å vere med oss?

Inn i den forheksa Narnia-skogen med heksa Kvit …

Å kjempa om poeng på kamp-arenaen …

Å oppleva det gode Narnia …

Bli med då vel!

Me møtes i Kyrkjelydsalen i Eidfjord kyrkje fredag 13. november kl. 10.00 – 14.30 (Planleggingsdag på skulen).

Etter registrering og info er det tid for popcorn medan me kosar oss med narnia-filmen «Løven, heksa og klesskapet».

Etter filmen blir det lunsj-pause med pizza.

Narnia-filmane har sine parallellar til kjente bibelforteljingar. Med utgangspunkt i dette, skal me ha ei gøy og opplevingsrik aktivitetsløype i nye kyrkja og ute. Til slutt får me oppleva det gode Narnia i gamle kyrkja vår. Hugs dirfor varme kle!

Håper du vil komma! Me gler oss til å møte deg!

Helsing den glade gjengen på Eidfjord kyrkjekontor

 

Påmelding innan Måndag 09. November 2020 via SMS til Manuela Bjotveit (trusopplærar) mobil 40 21 66 11

SMS må innhalde:

  • namn på den påmeldte
  • namn og telefonnummer av ein føresett
  • evt allergi eller andre opplysningar me burde vite
  • tillating om me kan bruke bilete av den påmeldte i sosiale medier, heimeside eller avis/kyrkjeblad.

 

Klikk på linken så kan du lese smittvernkonseptet vårt for arrangementet.

http://www.eidfjordkyrkje.no/Portals/0/Smittevernkonsept Narnia.pdf?ver=2020-11-06-142336-137

Tilbake