Prosjektkor Songglede


Fordi det var så kjekt sist, skal me ha nytt prosjekt. Det nærmar seg jol, difor skal me lage til ei kjekk familiegudsteneste i adventstida. Er du glad i å syngje og ha lyst å vere med?

 

«Songglede»
prosjekt JOL

Kven?        alle mellom 4 og 10 år som er glad i å syngje

Kor tid?    Øvingar: torsdagar kl. 17.00 – 18.00 (02. Desember / 09. Desember)

Konsert: søndag 12. Desember kl. 11.00 – 12.00 Me møtast kl. 10.00 i kyrkja. Etter gudstenesta er det felles kyrkjekaffi i kyrkjelydsalen.

Kor?          Eidfjord kyrkje

Kva?        «Songglede» er eit prosjektkor. Me syng i lag og har det kjekt.

Det kan kanskje vere litt skummelt å komme åleine til øvingane. Mamma eller pappa eller ein annan vaksen kan gjerne vere med. Kaffi/te står klar til dei vaksne i kyrkjelydsalen.

Det er ingen påmelding til koret, men me blir likevel glade for ein kort SMS til Manuela (40216611) om du skal vere med eller trykk på «SKAL» på Facebook-arrangementet. Spør mamma eller pappa om å hjelpe deg med det smiley

Me gler oss til å møte akkurat deg på korøvinga.

Tilbake