Vigsel i Eidfjord kyrkje

Det er gratis for kyrkja sine medlemmar å gifte seg i der ein bur. Den norske kyrkja er organisert ut i frå tankegangen om at den enkelte medlem høyrer til si lokale kyrkje, og har rett til å bli betjent der. Eidfjord sokneråd har vedteke at dersom ein av brudefolka har vakse opp i kommunen eller ein av foreldra bur her skal det heller ikkje takast betaling for vigselen.

Om ein ønsker å ha vigselen ein annan stad enn der ein bur, vil det normalt koste noko. For dei som ikkje har tilknytning til Eidfjord som beskrive over koster det kr 2 700,- å gifte seg her. Dette skal dekke soknerådet sine utgifter i samband med vigselen. I tillegg kjem rekning frå bispedømekontoret, kr 2 900,- som gjeld betaling for prest.

Vigsel i Eidfjord gamle kyrkje
Normalt skal Eidfjord nye kyrkje nyttast til kyrkjelege handlingar. Det er likevel opna for at dei som ønskjer det kan nytte gamlekyrkja ved vigsel. Brudeparet må då dekke meirkostnadene dette medfører. Satsen for dette er kr 1 000. Dette gjeld alle brudepar også dei som er tilhøyrande i Eidfjord.

Du kan lese meir om vigsel på Kirken.no

 

Les meir om
Retningsliner for bruk av kyrkjene

REGLEMENT OG RETNINGSLINER FOR BRUK AV KYRKJENE I EIDFJORD
 
1. Det skal føreliggja skriftleg søknad om lån av kyrkjene, søknaden må vera soknerådet i hende i god tid.  

2. For å dekke soknerådet sine utgifter ved utlån av kyrkjene vert det krevd inn avgift etter gjeldande satsar. 

3. Bruk av Eidfjord gamle kyrkje vert avgrensa til perioden 15. mai – 15. september.  

4. I denne perioden kan det haldast gudstenester, konsertar og vigslar i Eidfjord gamle kyrkje. Kyrkjelege handlingar skal ellers føregå i Eidfjord kyrkje. 
 
5. Ledsagerbevis skal akseptarast av alle aktørar som nyttar kyrkja til arrangementer.
 
6. Ved vigslar har brudepar eller familie ansvar for pynting inne og eventuelt utanfor kyrkja i samråd med kyrkjetenar. 
 
7. Lokale lag og organisasjonar skal ikkje betale for bruk av kyrkjene.
 
 
 
7. BETALINGSSATSAR VED UTLÅN/BRUK AV KYRKJENE 
Utlån av Eidfjord kyrkje                 kr    500,-
(Til dekking av oppvarming, vask og administrasjon)
 
Utlån/bruk av Eidfjord gamle kyrkje     kr 1 000,-
(Ved utlån: Til dekking av oppvarming, vask og administrasjon.)
(Ved vigslar:: Til dekking av meirarbeid i høve tilsette)
 
Dersom kyrkja sitt personell skal nyttast ved utlån av kyrkjene må det betalast eit tillegg på kr 300,- for kvar påbegynt time.  
 
 
 
8. Kyrkjeverja i lag med leiar i soknerådet får delegert ansvar til å ta stilling til dette regelverket kan fråvikast.
 
Reglementet er vedteke i sak nr 10/16 
 
Dette relementet erstattar gamalt reglement for bruk av Eidfjord gamle kyrkje vedteke i sak nr 18/03