Vedtekter for kyrkjegardane i Eidfjord

Vedtekter i medhold til lov av 7. Juni 1996 nr. 32 om kirkegårder, kremasjon og gravferd (gravferdslova) § 21. Vedtektene gjev utfyllande reglar til gravferdslova og forskrift som er gjort gjeldande frå 01.01.97.
Vedtekne i Eidfjord sokneråd den 26.03.98.
Godkjend av Bjørgvin bispedømeråd den 10.06.98.
 
§ 1. Rett til grav.Avlidne personar som ikkje er busette i Eidfjord kommune, dvs. personar som står i folkeregisteret i annan kommune, kan berre få gravstad etter særskilt løyve frå fellesrådet, og mot å betale ei til kvar tid fastsett gravferdsavgift.
 
Om den avlidne sine næraste pårørande budde i kommunen ved dødsfallet, eller om den avlidne budde i ein annan kommune på grunn av sjukdom eller alderdom gjev dette same rettar til fri grav som for den som er busett i kommunen.

 

§ 2. Fredingstid og festetid.Fredingstid for kister er 30 år.
Fredingstid for oskeurner er 20 år.
Festetida er 5 år.

 

§ 3. Feste av grav.Når kistegrav vert teke i bruk, er det høve til å festa ei grav ved sida av og etter godkjenning frå Eidfjord sokneråd for ei ekstra grav i særskilde høve. Desse gravene utgjer då ein gravstad.
Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje festa grav ved sida av.
Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 5 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykkje frå Eidfjord sokneråd.
I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden.
Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykkje frå festaren. Dersom festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast, kan Eidfjord sokneråd avgjera spørsmålet om gravlegging.
Festaren pliktar å melde frå om endring av adresse.

 

§ 4. Grav og gravminne.Dei som arbeider på kyrkjegarden vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravlegging.
Gravminne kan ikkje setjast opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste.
I mellomtida set dei som arbeider på kyrkjegarden opp eit merke med namnet til den avlidne.

§ 5. Plantefelt.Framfor gravminnet er det høve til å opparbeida eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vera breiare enn breidda på gravminnet, og ikkje stikka lenger fram enn 80 cm. målt frå bakkant av gravminnet. Det kan ikkje plantast vekster som overstig gravminnet si høgde eller skjuler gravminnet si inskripsjonar.
Det er ikkje anledning til å bruke faste dekorgjenstandar som blomsterurner, lykter m.m i plantefeltet, heller ikkje på eventuelle planteplater. Lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.
Eventuell innramming av plantefeltet skal flukte med terrenget omkring. Ved bruk av innramming med større anleggsflate enn normal kantstein (planteplate) skal den leggjast i drenerande masse (grus) og vewre minst 5 cm tjukk. Den kan ikkje vere større enn tillate for plantefelt. Ved montering av planteplate skal eigar, gjennom avtale med soknerådet, påta seg ansvar for skader påført ved vanleg drift og vedlikehald av kyrkjegarden.

§ 6. Plantemateriale.Planter, kransar og liknande materiale som vert brukt ved gravferd eller ved pynting av grav og som ender som avfall, skal i mest mogeleg utstrekning vera komposterbart.
Alt avfall etter stell av graver må straks fjernast og leggjast på tilvist plass. Komposterbart og ikkje komposterbart materiale skal skiljast.

 

§ 7. Stell av grav.Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar har rett og plikt til å stella den grava som ho/han har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege eller av kyrkjegardsbetjeninga. Kyrkjeleg fellesråd kan syte for årleg planting på grav mot forskotsbetaling.

 

§ 8. Gravlegat.Mot innbetaling av ein bestemt sum til eit gravlegat, vil Eidfjord sokneråd overta ansvaret for planting og stell av gravstaden. Gravlegatet vert forvalta av Eidfjord sokneråd sin daglege leiar som legatstyrar. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkje utgifter til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid. Det skal i kvart einskild høve opprettast legatavtale.

Gravlegatet kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn den fredingstida eller festetida som ligg framføre. Dersom der oppstår slike økonomiske forhold i festetida at midlane ikkje rekk til, skal legatstyraren gje melding om dette til den som er ansvarleg eller festaren. Det er då høve til å auka legatet slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje auka , vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukt opp. Dersom det er midlar att av legatet når tida er ute, kan dei brukast av soknerådet til pynting av kyrkjegarden.

Gravlegata vert forvalta i fellesskap, men legatstyraren fører eigen reknskap for kvart enkelt legat som vert revidert årleg. Det er høve til å rekna provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidlane.

 

§ 9. Bårerom.Eidfjord sokneråd disponerer bårerom. Bårerommet skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykkje frå den som syter for gravferda.

 

§ 10. Næringsverksemd.Næringsdrivande som ynskjer å driva næringsverksemd på kyrkjegarden skal ha løyve til dette frå Eidfjord sokneråd. Løyve kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatta montering og vedlikehald av gravminne, og planting og stell av graver.
Kyrkjegardsbetjeninga kan ikkje mot godtgjering utføre tenester for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med kyrkjegarden å gjere.

 

§ 11. Avgifter.For festeavgift og gravferdsavgift vert det vist til dei til kvar tid gjeldande vedtak i kommunestyret.