Tenester me kan tilby på kyrkjegardane

Det er eit krav at dei som ønskjer desse tenestene er den som står som festar på grava.

Ettersyn og vatning kr 300,- Me ser etter gravene, lukar og vatnar. Arbeidet startar når innbetaling er registrert og held fram så lenge det er trong for vatning. NB! Festar er sjølve ansvarleg for all planting.

Årleg stell av grav kr 900,- Me tar ansvar for planting på gravstaden og syter for at det vert vatna, luka og sett etter gjennom sumaren. Til jol tenner me ljos på grava og legg ut krans (pris utan krans til jol kr 790,-).

Gravlegat - nærare avtalt beløp Det vert innbetalt ein avtalt sum til gravlegatet. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekke utgifter til planting og stell av gravstaden i legatperioden.
Gravlegat kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn festetida eller fredningstida som ligg framføre. Dersom midlane ikkje rekk til å dekke stell ut festeperioden er det høve til å auka legatet slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukt opp. Dersom det er midlar att av legatet når festetida er ute, kan dei brukast av soknerådet til pynting av kyrkjegarden.

Oppretting av skeive gravminne kr 300,-
Bolting av gravminne kr 300,-
(Prisar 2017, gjeld pr gravminne)