Kyrkjegardane i Eidfjord

I Eidfjord har me tre kyrkjegardar som er delt opp i ulike felt. Kvart felt har sin bokstav som viser plassering av feltet.

Gamlekyrkjegarden
Kyrkjegarden rundt Gamlekyrja. Her er det teke i bruk to nye felt lengst aust på kyrkjegarden, felt J og K. Alle gravminna som står utanfor felta er bevarte, også i felta J og K står det ein del bevarte gravminne. 
 

Kyrkjetræet kyrkjegard
Den nyaste kyrkjegarden, denne ligg mellom Gamlekyrkjegarden og Kyrkjevegen. På denne kyrkjegarden finn ein felta E – F – G  og H
 

Modnen kyrkjegard
Kyrkjegarden på Modnen. Her finn ein felta A, B C og D. Mot aust ligg den eldste delen (D – feltet) eit utval av gravminna på dette feltet er teke med i bevaringsplanen for kyrkjegardane i Eidfjord. Også nokre få av gravminna på dei andre felta er med i bevaringsplanen.


 

Til deg som vitjar kykjegardane
Alle er velkomne til å vitja kyrkjegardane i Eidfjord. Kyrkjegardane sin eigenart tilseier at opphald og ferdsel må skje med vørnad.

Hundar skal haldast i band.

Kart over kyrkjegardane