gravminne
Når jorda på ei kistegrav har sunke nok, vil grava bli planert og sådd til. Det er høve til å setja opp eit gravminne på kvar gravstad.
 
Gravminne skal ikkje setjast opp før det har gått 6 mnd etter gravlegging. Det kan avtalast at kyrkjegardsarbeidar set opp eit kvitt kors med namnet på avlidne som kan stå på gravstaden framtil gravminne blir sett opp. Om festar ønskjer dette blir korset sett opp rett i etterkant av gravferda.

Gravminnet skal ikkje vere breiare enn 85 cm, høgare enn 150 cm, tjukkare enn 60 cm eller tyngre enn 300 kilo. Det skal sikrast med forskriftsmessig fundament og rustfrie stålboltar som bind saman fundament og gravminne. Leverandør av gravminne skal kjenna til desse reglane.
 
Gravminnet skal vere solid og tåle dei påkjenningar det blir utsett for ved vanleg drift og vedlikehald av kyrkjegarden. Pyntegjenstander er sårbare i høve til vanleg drift. Evt skade av desse påført ved vanleg drift av kyrkjegarden, vil ikkje bli erstatta.

 

Sikring
Kyrkjegardsbetjeninga går over alle gravminne ein gong i året for å sjekke at dei er forsvarleg bolta. Det vert sendt ut varsel til eigarar av dei gravminna som ikkje er tilstrekkeleg sikra.

 

Ansvar
Eigar/festar er ansvarleg for at gravminne ikkje er i forfall, til sjenanse eller til fare for dei som ferdast på kyrkjegarden.

 

Plantefelt og lause dekorgjenstandar
Framfor gravminne kan det opparbeidast eit plantefelt. Plantefeltet kan ikkje vere breiare enn gravminnet, og ikkje stikka lenger fram enn 80 cm målt frå bakkant av gravminnet. Gravutstyr som vasar, lykter, stein m.m. må ikkje plasserast utanfor plantefeltet.
Hugs også at små lause steinar brukt som bedkant lett kan havne i grasklippar og øydeleggje utstyret.
 
Avfall skal sorterast før det blir lagt på tilvist stad.
Les meir om
Gjenbruk av eldre gravminne

Eldre gravminne er ofte unike, og av svært god kvalitet. Det er mogeleg å nytte opp att gravminne som har vore i familien si eige, og soknerådet oppfordrar folk til å vurdere dette ved ny gravlegging.


Det er også mogeleg å bruke oppatt graver
Når ei grav er tretti år kan den nyttast til ny gravlegging. Sekstiårsgrensa for sletting av grav gjeld alltid frå sist gravlagd. Slik kan ein behalde ein familiegravstad gjennom fleire generasjonar.
Ein kan sjølvsagt byte ut det gamle gravminnet, men fleire løysingar er mogelege om ein ønskjer å nytte dette oppatt. Framsida kan slipast ned og nye namn setjast inn, ein kan også la dei gamle namna stå og føye til nye. Slik kan same stein vise fleire generasjonar som er gravlagd i grava. 

Vedlikehald av gravminne

Ein gravstein skal vere tilnærma vedlikehaldsfri i mange år. Problema oppstår ofte når folk gjer noko som påverkar gravsteinen.

Fleire tenner ljos på gravene. Dette er flott så lenge ein brukar tilpassa lamper og gravljos. Open flamme er verre, og faklar er slett ikkje bra. Det er  fordi sot og sprut av olje og talg trenger inn i porene på steinen og gjev misfarging som kan vere svært vanskeleg å få bort. I verste fall må steinen slipast ned for å bli fin att.

 

Kransar bundne opp med ståltråd er eit anna faremoment. Ståltråden vil ruste, og må difor ikkje vere i direkte kontakt med steinen, då rust vil føre til misfarging.

 

Upolerte gravsteinar bør vaskast ein gong i året. Bruk ein kost, f eks ein oppvaskkost, og vatn. Stålbørste må aldri brukast! Ein kan også bruke lett klorinvatn. Heile steinen kan vaskast, også gravpynten, men bokstavane bør ein vere forsiktig med.

 

Ein må vaske frå starten, før ein ser tendens til mose og algevekst. Får dette etablert seg, veks det inn i porene i steinen, og blir nesten umogeleg å bli kvitt.

(Dette er sjølvsagt ikkje noko problem dersom ein ynskjer at gravsteinen skal eldast med mose og grønske.)

 

Dei upolerte gravsteinane krev mest stell. For polerte steinar er det som regel nok å tørke over med ein fuktig klut. Desse tåler óg syra frå fugleskitt.

 

Felles for alle gravsteinar, polerte eller upolerte: Dei skal ikkje utsetjast for rust, sot eller stearin!

Kantsteinar må vere godt festa slik at dei ikkje løsner og kjem i grasklypparen!

Sal av eldre gravminne

Eidfjord sokneråd har eldre gravminne for sal. Pris pr gravminne inkl nedsliping, sokkel og montering er kr 7 000,- Påføring av tekst på gravminnet er ikkje inkludert. Dette avtaler kjøper direkte med steinleverandør.  

Me har samla ei oversikt over gravminne som er for sal i ein perm. Er du interessert i å setje opp eit eldre gravminne på ein gravstad får du låne permen med heim for å sjå om du sjå om du finn noko som passer.    

Plassering av gravminne

Kyrkjegardsarbeider skal alltid tilvise rett plass for montering av gravminne. På ny gravstad vert gravminne plassert i bakkant av den første grava som er teken i bruk.

Ofte blir gravminne ståande på den eldste grava når festa grav blir teken i bruk. Ansvarleg for gravstaden kan sentrere gravminne dersom dette er ønskjeleg.