Fri grav og feste av grav
Den som bur/har budd i kommunen kan få gravplass her. Dette gjeld og om avdøde på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet. Dei som ikkje har vore innbyggjar i kommunen kan gravleggjast her etter nærare avtale med kyrkjekontoret.
 

Frigrav
Den grava som vert teken i bruk først i ein gravstad er frigrav i fredningsperioden. (30 år) Det kan ikkje krevjast festeavgift for ei frigrav. Når frigravperioden er over får festar anledning til å feste grava vidare.
 
Ved bruk av kistegrav kan det også festast (reserverast) ei grav ved sida av for framtidig bruk. Desse gravene i lag vert kalla ein gravstad. Det må betalast avgift for festegraver frå festedato, den festa grava blir altså ikkje frigrav når den er teken i bruk.
 
Feste av grav
Når friperioden er over eller eksisterande feste forfell blir det sendt ut varsel om dette saman med tilbod om festefornying. For feste av grav er prisen for tida kr 120,- pr år, festebolken er 5 år.

Når det er gått 60 år sidan siste gravlegging i gravstaden kan grava ikkje lenger festast opp att utan etter særskilt løyve frå soknerådet.
 
Opphøyr av feste:
Eit feste opphøyrer når festetida er ute og festet ikkje blir fornya. Festar får melding om dette og gravstaden blir sletta. Gravminne som ikkje er fjerna innan seks månader frå denne meldinga går over i kyrkjegarden si eige.
 
Gjenbruk av grav
Etter 30 år er det mogeleg å nytta opp att ei eksisterande grav. Dette krev samtykke frå den som står som festar på grava.