Bevaringsplan for kyrkjegardane i Eidfjord
Når det er gått 60 år etter siste gravlegging i ein gravstad skal denne som hovudregel slettast og gravminne fjernast. (Jmf § 3 i vedtekter for kyrkjegardane i Eidfjord) I praksis betyr dette at dei eldste gravminna gradvis vil forsvinna frå kyrkjegardane. Bevaringsplanen skal sikra at det vert teke vare på eit utval av desse gravminna.

Alle tre kyrkjegardane er vurdert. I hovudsak vil ein bevara enkelte gravminne på det eldste området på Modnen kyrkjegard (D-feltet) og dei fleste på Gamlekyrkjegarden. For meir informasjon ta kontakt med kyrkjekontoret.
 
Gjenbruk av eldre gravminne
Eldre gravminne er ofte unike og av svært god kvalitet. Soknerådet vil oppmoda folk om å vurdera gjenbruk av eldre gravminne som er i familien si eiga.
Ved ny gravlegging kan ein velja å bruke opp att gamle graver. Ein får då ein familiegravstad å forhalda seg til i staden for fleire graver ulike stader på kyrkjegarden. Eldre gravminne kan også brukast på ei ny grav, namna kan følgja med dersom ein ønskjer dette.
Steinfirma hjelper til med ulike løysingar for å føye til nye namn.