Eidfjord kyrkje > Artikler > Nyheter
Julevandring

Julevandring

Julevandring i kyrkja - Kjenner du julevangeliet? Ikkje? Då får du lese litt meir her wink

Eg er Rolf Trustein og eg skal fortelje dykk ei spennande i historie. Det, eg skal fortelje dykk om, har skjedd nøyaktig for 2019 år sidan. Kven veit kva forteljing de skal høyre i dag?

Akkurat me skal bli del av juleforteljinga.

Å då byrjar me.

Maria var heime og hold på med litt husarbeid. Då plutseleg ein engel stod i rommet. Maria blei sjølvsagt redd. Men engelen sa at ho ikkje må vere redd. Gud har valt ho ut. Ho skal bli gravid med ein son. Ho skal få Guds barn som skal heite Jesus.

No var altså Maria gravid. Josef var mannen hennar. Ein dag Maria og Josef var på marknaden, kom det ein budbringer av keisaren i lag med to soldatar.

Budbringeren les: «Keisar Augustus lysa ut: Det skal takast manntal over heile verda. Dette blir første gongen. Alle må heim, kvar til sin by, og skrive seg i manntalet.»

Josef blei født i Betlehem. Men han budde i Nazareth med si kona Maria. Maria og Josef måtte gå den lange vegen til Betlehem. Det var lang og tungt å gå. Mange menneske skulle gå til Betlehem. Maria fekk låne ein esel på vegen til Betlehem.

Maria, Josef og alle andre har komme fram til Betlehem.

Sjå her sitter han som jobbar for keisaren. Kven vil vere det? Han skal skrive opp alle. Soldatane står ved sidan av han. Dei følgjer godt med. 

Det var seint no. Maria og Josef var sliten. Dei treng ein plass til å sove. Maria kjende at snart skulle babyen komme.  Dei gjekk for å leite etter ein overnattingsplass.

Maria og Josef kjem til første overnattingsplassen. Josef bankar på. Overnattingsverten opnar døra. Han har eit svært lommebok. Josef spør: «Har du ein ledig overnattingsplass til meg og mi gravid kone?». Verten ser på Maria og Josef. Riste med hovudet og seier: «Nei, til fattig folk har eg i alle fall ikkje plass. Bort med dykk!»

Maria og Josef kjem til andre overnattingsplassen. Josef bankar på. Verten opnar døra. Josef spør: «Har du ein ledig overnattingsplass til meg og mi gravid kone?». Verten ser på Maria og Josef. Riste med hovudet og seier: «Eg har ingen plass. Alt er fullt. Kanskje det er ein ledig plass hjå Markus. Huset der borte.»

Maria og Josef kjem til tredje overnattingsplassen. Josef bankar på. Verten opnar døra. Josef spør: «Har du ein ledig overnattingsplass til meg og mi gravid kone?». Verten ser på Maria og Josef. Riste med hovudet og seier: «Beklagar så mykje, men eg har ingen plass. Alt er fullt.» Pause «Vent. Eg har jo stallen. Der kan de overnattar. Det er ikkje den finaste plassen, men her har de i alle fall ein tak over hovudet.»

Utanfor Betlehem samla seg gjetarane rundt bålet. Det var ei kald natt. Gjetaren snakka om det som dei har opplevd i dag. Dei varmar seg ved bålet. Plutseleg blei det kjempe lys. Fleire englar står der. Gjetarane blei kjemperedde. Då byrja den største engel å prate. Han sa: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. De skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.  Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i!»

Då englane hadde fare tilbake til himmelen, sa den eldste gjetar: «Lat oss gå til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.»

Gjetarane skunda seg til Betlehem. Der fann dei Maria og Josef med det vesle Jesusbarnet. Det var akkurat slik som englane hadde fortalt dei. Gjetarane blei kjempeglade. Dei fortalte alle om det som har hendt.

Kommentar til bilete: For å i vareta personvernet til barna ha me valgt å ikkje publisere tydelege bilete. Me hadde to veldig kjekke julevandringar med barnehagen og skulen.


Del denne artikkel på e-post