Eidfjord kyrkje > Artikler > Nyheter
Kyrkja – staden for gode opplevingar!

Kyrkja – staden for gode opplevingar!

Det nærmer seg advent og me i kyrkja er sjølvsagt på det nærmaste klare. Det er bare å gle seg. Jolekrubba under kyrkjetårnet er første steg mot den gode julestemninga. Stallen skal snart byggjast . Det ryktast at Josef og Maria har starta vandringa, alt skal vere klart til dei flytter inn 1 adventshelga. Innflyttinga feirar me med Krøllesamling og  ljosmesse 1. desember. Då tenner me ljos i den mørke kvelden og skrur opp stemningsfaktoren i kyrkja. Konfirmantane og minikonfirmantane blir med og det håper me du også blir. Me har tru på ei riktig så triveleg stund.

Det er som vanleg mykje som skjer i Eidfjord kyrkje. I lista under ser du at desember er pakka med gode opplevingar for store og små.
Lenger ned på sida kan du lese meir om ulike arrangement.

•    Søndag 1. desember kl. 14.30        Krøllefest for alle som er født i 2017. Utdeling av dåpsminnelys
•    Søndag 1. desember kl. 18.00         Ljosmesse. Minikonfirmantar og konfirmantar tek del
•    Tysdag 3. desember kl. 10.00        Jolevandring for barnehagen
•    Tysdag 3. desember kl. 11.50        Jolevandring for 1-4 klasse
•    Torsdag 5. desember kl . 16.15        Minikyrkje for barnehageborn m familie
•    Søndag 8. desember kl. 15.00        Øving til jolespel
•    Tysdag 10. desember kl. 12.20        Adventsgudstenste
•    Onsdag 11. des kl. 10.30        Joleavslutning småbornskafé
•    Søndag 15. desember            Toneskredo sin Jolekonsert
•    Jolaftan kl. 16.00            Jolegudsteneste med jolespel
•    1 joledag kl. 12.00            Høgtidsgudsteneste
•    Nyårsaftan kl. 16.00            Nyårsgudstenste
Torsdag 2. januar vert det jolatrefest i kyrkjelydsalen kl. 17.00.
 

KRØLLEFESTEN er for alle som er fødd i 2017. Ta med deg ein vaksen og kom og bli med.
Gjetaren Rolf vil feire at han har funne att lammet sitt, Krølle som hadde kome bort frå flokken. Det vert utdeling av dåpsminneljos.
JOLEVANDRINGA er for barnehagen og småtrinnet. Det er joleevangeliet fortalt gjennom skodespel og song. Dei som vil av ungane kan vere med som skodespelarar. Håper mange har lyst til det.
MINIKYRKJA  er for alle barnehageborn med familie. Det er ulike stasjonar i kyrkja til leik og kreativitet.  Etter ei kort samlingsstund vert det enkel middag til alle i kyrkjelydssalen.
JOLESPELET
Gudstenesta på julaftan blir litt annleis enn du er vant med. Juleevangeliet vert ikkje lest men framført. Manuela Bjotveit og Ingeborg Wijland har ansvar for skodespelet og skal spele to av hovudrollene. Skodespelet er skriven ferdig og det er fleire rollar som ikkje har fått besetning. Pleier du å gå til julegudsteneste? Er det ein skodespelar gøymt inn i deg? Me kan tilby roller med mykje, lite og ingen tekst. Alle aldersgrupper kan vere med. Me skal møtest til ein første gjennomgang søndag 8. desember kl. 15.00. Har du lyst å vere med? Møt berre opp. Det er likevel fint viss du kan sende melding til Manuela (e-post: manuela@eidfjordkyrkje.no). 
JOLAKONSERTEN
Toneskredo arrangerer tradisjon tru konsert i kyrkja i adventstida. Datoen er klar, klokkeslettet finn du på plakaten. Me har trua på ein flott og stemningsfull konsert som vanleg.


Del denne artikkel på e-post