Konfirmasjon

Konfirmasjon

Sju flotte ungdomar skal konfirmerast i Eidfjord kyrkje søndag 5. mai.

Gjennom dette skuleåret har dei hatt mange timar med undervisning Denne er det barne- og ungdomsarbeidar i Ullensvang, Åsmund Aarvik som har stått for. Konfirmantane har medverka på fleire gudstenester der dei har vore ministrantar, og har på den måten bidratt til fine opplevingar i kyrkja vår.

Samtalegudstenesta går av stabelen torsdag 2. mai kl. 18.00. Denne er ved prest, Tom Sverre Tomren, som ungdomane kjenner godt frå før.

Tom Sverre kan dessverre ikkje kome til Eidfjord på konfirmasjonsdagen, men det kan heldigvis prost Arild Hellesøy. Me kan derfor love at konfirmasjonsgudstenesta er i trygge hender.

Me i kyrkja vil gjerne takke konfirmantane for eit fint år, og me ønskjer dei alt godt for dagen og framtida.

Årets konfirmantar er: Hedda Djønne Eriksen, Isak Myklatun Eriksen, Åsmund Herland, Malin Elisabeth Sæd Ibanez, Victoria Bjotveit Merkesvik, Ida Hjørnevik Sæbø og Mathea Viveli.


Del denne artikkel på e-post