Barnehagen på julevandring i kyrkja

Barnehagen på julevandring i kyrkja

I dag var alle barnehageborna inviterte med på jolevandring frå Nasaret til Betlehem. Det er i utgangspunktet  ein dryg marsj, men for desse borna var det heilt overkommeleg. Alle samla seg i kyrkjelydsalen (for anledningen kalla Nasaret) der tok Manuela og gjetarguten Daniel i mot oss, og så starta forteljinga. Fleire av borna fekk roller i vandringa. Maria og Josef-rollene vart raskt dekka, etter kvart kom det til både soldatar, englar, sauer og gjetarar. Barnehageborna hadde dei aller fleste rollene - og dei var kjempeflinke!


Frå kyrkjelydsalen gjekk flokken vidare inn i kyrkja der to små soldatar slutta seg til, og innskrivinga i manntalet vart gjennomført. Josef og Maria fekk til slutt rom i stallen, før turen gjekk vidare ut bak kyrkja til bålet der fleire sauer, esel,  englar og gjetarar var til stades.


Vandringa vart avslutta ute ved jolekrubba under kyrkjetårnet der Jostein, prest, sa nokre velvalgte ord.
Me ønsker å rette ei stor takk til alle dei flinke ungane som tok rollene sine på strak arm. Utan deko, ingen vandrin!

 


 


Del denne artikkel på e-post