Alle tiders ljosmesse

Alle tiders ljosmesse

Sundag 2. desember var det duka for ljosmesse i kyrkja vår. Gudstenesta starta med ljosprosesjon med konfirmantane og minikonfirmantane som hadde møtt fulltallig opp. Vetlaskredo song så fint for oss under kyndig leiing av Kris og Manuela. Dirigent for dagen var Helene, og ho gjorde ein fantastisk jobb. Etter ei lita stund vart alle ljos sløkte, og det var stummande mørkt i kyrkja. Då høyres ei ljos stemme som sa:  Då sa Gud: "Det skal bli lys" og det vart lys. Det vart det gradvis også her hjå oss.  

Medan nokre konfirmantar las bibelvers tende to konfirmantar ljos rundt om i kyrkjerommet. Samstundes tende minikonfirmatane alle ljosa i globen.

Søndagspresten vår, Tom Sverre Tomren heldt ei fin preike der han mellom anna minte oss på kva jola eigentleg handlar om.

Etter gudstenesten gjekk me kvar til vårt, stemningsfulle og ein fin opplevelse rikare.

 


Del denne artikkel på e-post