Avskjedsgudsteneste

Avskjedsgudsteneste

Bjørn Tore og Elise har sagt opp stillingane sine i Eidfjord. Dette skal markerast med avskjedsgudsteneste i Eidfjord kyrkje søndag 17. juni kl. 11.00.


Etter gudstenesta opner me dørane til peisestova, der kakebordet er dekka. Sjølve kakefesten blir i kyrkjebenkane. Her gjev me vårt kjære prestepar ein verdig avskjed og gode ønskjer for vidare arbeid i Meland.
Bjørn Tore og Elise  har vore  hjå oss i 22 år, og har vore der for veldig mange av oss både i glede og i sorg. Me håper både små og store har tid og lyst til å vere med å gjere dagen fin og minnerik.  

 


Del denne artikkel på e-post