Avskilsgudsteneste

Avskilsgudsteneste

Bjørn Tore har sagt opp stilling si i Eidfjord og Kinsarvik. Dette skal markerast med avskilsgudsteneste i Eidfjord kyrkje søndag 17. juni kl. 11.00.

Me legg opp til ei uhøgtidleg samling enten inne, eller ute i kyrkjehagen etter gudstenesta. Der håper me mange har lyst til å vere med. Bjørn Tore har vore prest hjå oss i 22 år, og har vore der for veldig mange av oss både i glede og i sorg. 

Kva programmet for dagen vert er ikkje klarlagt ennå, men målet er at dagen skal bli fin og minnerik for oss alle.

Alle er velkomne, og me håper altså mange har tid og lyst til å vere med.


Del denne artikkel på e-post