Ledig stilling som sokneprest i Eidfjord og Kinsarvik

Ledig stilling som sokneprest i Eidfjord og Kinsarvik

Er du ein prest med interesse for heile breidda av prestetenesta, har eit hjarta som brenn for barne- og ungdomsarbeid og likar kvalitet og trivsel er dette stillinga for deg.  

 

Eidfjord sokn høyrer til Eidfjord kommune som strekk seg frå Hardangerfjorden og inn mot Hardangervidda nasjonalpark. Eidfjord er ein kraftkommune med 921 innbyggjarar. Kinsarvik sokn ligg i Ullensvang herad. Ullensvang herad har 3377 innbyggjarar og er no ei ein samanslåingsprosess med Odda kommune og Jondal kommune.

Eidfjord har ei moderne arbeidskyrkje med møterom, kjøkken og kontor for dei tilsette. Her ligg også Eidfjord gamle kyrkje, ei «Jakobskyrkje» frå ca 1309. Kinsarvik sokn har ein av dei finaste mellomslderkyrkjene frå ca 1160. I heradshuset i Kinsarvik er kontoret for dei kyrkjelege tilsette i Ullensvang herad.

Sjå full utlysningstekst her: https://www.jucan.no/ledige-stillinger/Den-norske-kirke-Bjørgvin-bispedøme/Religion-og-livssyn/3778502959?asidx=4&asid=1


Del denne artikkel på e-post