Babysang på bygdaheimen

Babysang på bygdaheimen

Denne våren vil småbarnskafeen av og til vitja Bygdaheimen og ha songstunda si i lag med dei som bur der.

Kombinasjonen babyar og eldre er god. Fleire sokn har gode erfaringar frå babysong på bygdaheimar. I jula kom underteikna over ei bok om musikkterpi, det er Eirik, yngste son i familien som studerer musikkterapi og han hadde med boka heim for å lesa. Der var det nokre kapittel som tok føre seg det å ha babysang i lag med eldre. Det var til inspirasjon og etter jul blei det diskutert på Småbarnskafeen i kyrkja. Der var det stor stemning for å prøva konseptet. Me tok kontakt med bygdaheimen, og dei var også positive til å prøva ut dette. Dermed var me i gong.

Fyrste samlinga var i slutten av januar. Det vart eit koseleg møte mellom små og store, gamle og unge. Det var song og leik og mange gode smil. Nokon av dei eldre hadde ikkje hatt ein baby på fanget på mange år, og no var det stas å halda ein liten. Me vart godt motteke på bygdaheiemen og dei hadde lagt godt til rette for oss.

Dette gav meirsmak. I fyrste omgang tek me sikte på å vitja bygdaheimen med Småbarnskafeen ein gong i månaden utover våren så får me sjå om det vert ein fast tradisjon etter kvart.

Elise


Del denne artikkel på e-post