Julesteming i kyrkja

Julesteming i kyrkja

Det nærmar seg advent og me i kyrkja er sjølvsagt på det næraste klare. Det er bare å gle seg. 

 

Julekrubba under kyrkjetårnet er første steg mot den gode julestemninga. Stallen skal snart byggjast så alt er klart til Josef og Maria flytter inn 1 adventshelga. Innflyttinga feirar me med ljosmesse 3. desember kl. 18.00. Då tenner me ljos i den mørke kvelden og skrur opp stemningsfaktoren i kyrkja. Vetlaskredo blir med, det same gjer konfirmantane og minikonfirmantane. Me har tru på ei riktig så triveleg stund.

Me følger opp med teatergudsteneste onsdag 6. desember kl. 9.45. Denne er viden kjent, og er berekna på den yngre garde. Likevel er dette noko me anbefaler fleire å få med seg.
 
12.desember kl 12.20 er det duka for adventsgudsteneste i kyrkja. Då kjem nesten alle frå Lægreid skule, og fleire av dei er også medverkande i gudstenesta. Her kan det dukke opp overraskelsar undervegs som du ikkje har lyst å gå glipp av. Ja, for adventsgudstenesta er også open for alle.
 
19. desember er kyrkja bygd om til konsertarena, og Toneskredo inntar scena kl. 19.00. Blir det som tidlegare år er denne konserten vel verdt eit besøk.
 
Gudstenesta på jolaftan er kl. 16.00 og 1 juledag kl. 11.00. Nyttårsaftan vert det gudsteneste kl. 16.00.
 
Frå vår side vert jula avslutta med julatrefest for ungar i alle aldrar tysdag 2. januar kl. 17.30.
 
Me håper mange tek turen til kyrkja i julemånaden og me ønsker alle vel møtt!


Del denne artikkel på e-post