No er det blitt tradisjon!

No er det blitt tradisjon!

For  tredje gong har me feira Klimagudsteneste ved skulehuset på Bu. Fyrste gongen var i forkant av Klimatoppmøte i Paris. Då gjekk me  på Klimapilegrimsvandring i forkant av gudstenesta, i høljande regnver.  Dei to siste åra har me derimot hatt fint ver og kunne feira gudstenste ute i hagen.

 

Denne gongen var det og to små som skulle døypast, og familiane deira sette ein spiss på dagen med sine fine bunadar og glade smil.  Fantastiske omgjevnadar, fuglekvitter til preika, og sola som titta fram fleire gonger bidrog til at det vart ei fin oppleving.

Etter gudstenesta sette me fram bord og stoler og hadde kyrkjekaffi med deilige kaker. Som i fjor hadde me quizz der deltakarane viste eit høgt engasjement.  Det var  både Klimaquizz, og musikalsk quizz med artige lytteoppgåver.

 
Først då me hadde rydda og pakka alt i bilen kom regnet.
Me gler oss til og vitja Bu igjen neste år!


Del denne artikkel på e-post