Ungdomsgudsteneste

Ungdomsgudsteneste

Rapport frå ungdomsgudstenesta

Søndag var avslutning av kyrkjecamphelga vår. Kerstin var her med dansegruppa frå kulturskulen og me hadde flotte, flinke solistar og band. 

Denne gudstenesta bar preg av å vere for og av ungdom. Det var litt andre songar enn vanleg, og dei unge bidrog med ulike ting. Nokre var med og las bøner og tente ljos, nokon sang eller hadde andre oppgåver undervegs.

Det var bønevandring med mange ulike stasjonar rundt i kyrkja. Me kan nemne vannliljer med takkebøner i døypefonten, nattverd, ein kunne legge stein og tenne ljos ved korset bakerst i kyrkja, ein kunne henge takkelappar på treet vårt og ein kunne legge bønelappar i ei krukke på alteret. Ellers gjekk alle rundt og beundra ansiktskunsten og teikneserien som hang på veggane og kyrkjedøra med tesene om var laga i løpet av kyrkjecamphelga.



Etter gudstenesta var det annleis kyrkjekaffi med tapas og eplemost!

 


Del denne artikkel på e-post