Kyrkjecamp

Kyrkjecamp

Ein treng ikkje reise langt for å ha det kjekt, her slår me opp camp i kyrkjehagen! Kyrkjecamp består av tre samlingar og ei work-shop-helg. Det heile blir avslutta med ei ungdomsgudsteneste.

Kyrkjecamp

KyrkjecampMe starter med tre samlingar i forkant av campen.
På desse samlingane førebur me oss til det som skal skje i helga.
Me planlegg gudstenesta og korleis me vil den skal vere.

Fredagen i camphelga vert kyrkjehagen bygd om til leirstad. Helga vert bruka til å førebu ungdomsgudstenesta og øve på det som me har planlagt på samlingane.

På kyrkjecamp pleier det vere topp stemning gjennom heile helga. På den avsluttande ungdomsgudstenesta lover me også ein kyrkjekaffi heilt utanom det vanlege.

 

 


Del denne artikkel på e-post