Natur

Natur

Villmarka kaller. Er du klar for kjekke opplevingar med overnattingstur i Vossafjella?

Me har tre samlingar for å gjere oss i stand til å overleve ei helg i villmarka.
Ein ting deltakarane må gjennom er bekkevandring med alt det inneber. Me vil ikkje sei så mykje om bekkevandringa, for her er ein del overaskingar, men me kan sei så mykje:
Bekkevandring er ikkje for pyser. Det er kun dei aller tøffaste som gjennomfører dette.

Tøff må ein også vere for ei helg i villmarka.
Kvar gong bestiller me fint vær, men det er ikkje alltid bestillinga står i stil med det me får. Likevel blir det alltid lyst i villmarka når blide ungdomar inntek Vossafjella.
Ein fredag i juni set me oss i bussen som fører oss til Bordalen ved Voss. Ved ankomst må alle ta sin tørn med å setje opp lavvoar og ellers klargjere leirstaden.
Utover kvelden og ellers i helga er det duka for diverse aktivitetar.
 
Søndag er raftingdag.
Det er tradisjon når naturkule ungdomar frå Eidfjord inntek Voss.
Voss rafting arrangerer ein snill og familievennleg tur nedover elva mot Evanger. Likevel må det seiast: Dette er heller ikkje for pyser.
 
 
Etter raftinga er det heimreise, og alle ser som regel fram til ei god natts søvn.
 


Del denne artikkel på e-post