Pilegrim

Pilegrim

Bli med på pilegrimstur, ei oppleving for livet!

Det er tre samlingar i forkant av turen der ungdomane vert førebudde på kva som krevst av ein ekte pilegrim. Kanskje kan juniorlaiarane ause av si erfaring frå si tid som pilegrimar.
 
Alle lagar sin eigen pilegrimslogg og øver på pilegrimsliturgi og pilegrimssongar. I tillegg må alle lage sin eigen pilegrimsstav, for det høyrer med!

Det vert servert ekte pilegrimskost, og som kjent kan denne kosten bestå  av store mengder is, peanøtter, bollar, nonstop og kakao. Eller det kan vere vassgraut servert i lag med eit glas mjølk rett frå kua. Kven veit?
 
Sjølve pilegrimsturen vert lagt til ei solrik og ljos helg i byrjinga av juni. Stort sett får me velvillige foreldre til å køyre oss inn til Ulvik. Derifrå ber det til fots innover mot Osa. Øydvinstå er første overnatting, og me søv i lavvo. Før me går til ro legg me inn ein tur til Sygnestveitkyrkja, som er vel verdt eit besøk.
 
 
Laurdagsetappen går til Osa med masse tid til leik og moro. Dei aller mest hardbalne tek seg kan hende eit bad i den kalde fjorden.
 
 
Sundagen vert me henta av båt og frakta til Skårsnaustet. Herifrå går me opp til Skår, og vidare ned til Hotle.
Helga vert avslutta i Eidfjord gamle kyrkje:)


Del denne artikkel på e-post