Aktuelt

Kjøpe-vers av Sidsel Mørck

Dei av dykk som var på ljosmessa fekk høyre dette diktet. Sjølv om diktet er sk...   Les mer...

Barnehagen på julevandring i kyrkja

I dag var alle barnehageborna inviterte med på jolevandring frå Nasaret til Bet...   Les mer...

Kom i jolastemning med oss i kyrkja.

Dette skjer i jolamånaden: 2. desember kl. 18.00 Ljosmesse v Tom Sverre ...   Les mer...

Alle tiders ljosmesse

Sundag 2. desember var det duka for ljosmesse i kyrkja vår. Gudstenesta starta ...   Les mer...

Gudstenesteliste

Les meir om
Tilsette

I kyrkja finn du kyrkjekontoret som er samlingsstaden for alle oss som er tilsett i Eidfjord kyrkje.

Me har felles telefonnummer: 53 66 52 51

Opningstida på kontoret er måndag til torsdag frå 0800 til 1500. Likevel kan det i sommar vere dagar kontoret ikkje er bemanna pga kurs eller møter. 

Nedanfor finn du når kvar enkelt er å treffe

Sokneprest 
For tida er det ikkje tilsett prest i Eidfjord. Jostein Skutlaberg er prest ved gravferder. Du kan nå han på tlf 404 66 937 eller  e-post  jostein.skutlaberg@voss.kyrkja.no.                                              

 

Kyrkjeverje Irene Viveli
Er på kontoret måndag, tysdag, torsdag, samt annankvar fredag. Kyrkjeverja er dagleg leiar ved kyrkjekontoret.  
E-post: irviv@online.no

 

Kyrkjetenar og kyrkjegardsarbeidar Christian Bouvain
Jobber ute og inne frå måndag til torsdag og sørger for vedlikehald og stell av kyrkjer og kyrkjegardar. Han er også ansvarleg for brannsikring i kyrkja.
E-post: christian@eidfjordkyrkje.no



Barne- og ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar og klokkar Manuela Bjotveit
Arbeidstid varierer etter aktivitetane. Faste dagar er onsdag og torsdag. 
E-post: manuela@eidfjordkyrkje.no

 

Organist Kris Ulita
er musikalsk leiar i kyrkja. Han jobber 50% i Eidfjord og 50% i Odda. På vekedagene er han i Eidfjord tysdag og torsdag. 
E-post: rufsenis@gmail.com

 

Sekretær Tone Felle Nesheim
er i kyrkja tysdag og annakvar onsdag/fredag. Ho er poteta i staben, og hjelper til der det trengs.
E-post: tone@eidfjordkyrkje.no

Soknerådet

Val av nytt sokneråd vart gjort måndag 14.september 2015, og 13. oktober vart rådet konstituert. 
 
Sigrid Bu er leiar, og Hans Hellevang er nestleiar.

Medlemar i rådet:
Sigrid Bu, Hans Hellevang, Solveig Liseth Vik, Liv Bente Stakseng Rokne, Marte Seip og Kjellaug Enge.   Bjørn Tore Sæle er med som geisteleg representant.
Kommunen sin representant er Kari Tveit Hovland.
 
Varamedlemar:
Tor Bu
Jostein Hovland
Bjørg Målfrid Hereid
Tonje Guldbrandsen Skår
Torolv Lægreid

KVA GJER SOKNERÅDET?
Soknerådet har det overordna ansvaret for all drift av kyrkja. Soknerådet i Eidfjord tek seg av soknerådssaker, så vel som fellesrådssaker. Derfor vert arbeidsfeltet for medlemane i soknerådet både vidfemnande, allsidig og utfordrande.
 
Soknerådet har ansvaret for å utarbeida mål og planar for den kyrkjelege verksemda, og dei fastset politiske og prinsippielle vedtak som får innverknad på korleis kyrkja skal drivast.

 

Årsmelding 2017
Gjevarteneste

Eidfjord kyrkje ønskjer å vere ein naturleg del av dagleglivet:
• ein kyrkjelyd med yrande liv
• ein god stad å vere for vaksne, born, unge og eldre.
Me ønskjer å skape møteplassar med låg terskel der alle skal oppleve å bli sett og føle seg velkomne.

Kyrkja har mange ulike aktivitetar for ulike aldersgrupper, og då med størst vekt på born og unge. Noko av dette arbeidet får me støtte til, resten må me betale sjølve.

Ved å bli fast gjevar støtter du kyrkja sitt arbeid for  born og unge. Alle pengane som kjem inn frå gåver eller fast gjevarteneste går direkte til barne- og ungdomsarbeidet vårt. Du kan gi ei enkeltgåve eller inngå ein avtale om fast trekk kvar månad. Det faste trekket avtaler du med banken din.

BANKGIRO
Det vil liggja giroblankettar ved utgangsdøra i kyrkja.

INNSAMLINGSKASSE
Det heng innsamlingskasser i våpenhusa i begge kyrkjene. Alle pengar som blir lagt i desse kassane går direkte til barne- og ungdomsarbeidet. 

VIPPS
Du kan vippse til Eidfjord kyrkje ( #127865)
(Må merkjast barne- og ungdomsarbeid)


DIREKTE TIL KONTO
Pengar kan setjast direkte inn på konto til Eidfjord sokneråd.
Ktnr. 3450 10 72585 (Må merkjast barne- og ungdomsarbeid)

FAST OVERFØRING
Dette er ei ordning mellom deg og banken din der det fast vert trekt eit bestemt beløp frå din bankkonto. Beløpet og kor lenge avtalen skal gjelda bestemmer du.


SKATTEFRÅDRAG:
Det vert gjeve skattefrådrag for gåver til kyrkjelydar / menighetar på beløp over 500,- og opptil kr 25.000 kroner

Ønsker du meir informasjon:
Ring kyrkjekontoret 53 66 52 51

Andakt på bygdaheimen
Ta ein glytt på siste nytt